Shopping security
Formålet med dette kurset er at du får ein forståelse for og praktisk øving på å sy glidelås, slik at dette ikkje lenger er ei hindring i sykvardagen!
Beskrivelse:
Me byrjar med å sy ei veskeveske: ein liten pung som du kan samle alle småting som ellers blir borte i veska di. Dette er eit enkelt prosjekt der glidelåsen er største jobben, og det er ein fin introduksjon til og meistring i å sy glidelås som alle kan klare. Det blir og eit kjekt produkt til slutt som alle har bruk for.
Om det blir tid på slutten av kurset, hjelper eg med andre glidelåsspørsmål. Om du vil, kan du ta med eit plagg du vil sy glidelås i, eller ein øydelagt glidelås, og eg viser korleis du sjølv kan løyse det. Alle som vil kan følge med på andre sine glidelåsutfordringar, for å lære mest mogleg om glidelåsens mystikk og mysterier;)
Passar for:
Deg som har grunnleggande syferdigheiter. Ingen nedre eller øvre aldersgrense;) Dersom du er heilt ukjent med symaskin, meld deg på nybegynnerkurs symaskin fyrst:)
Ta med:
Alt du treng er inkludert i prisen, men om du har stoff du vil bruke og glidelåsar liggande, sparer me tid på kurset!
Dette er i så fall utstyrslista:
Praktisk informasjon:
Kvar?
Kurset blir halde i mitt atelier i 4. etasje på Elefant workspace og i fellesområdet rett utanfor.
Adressa er Erfjordgata 8, på Storhaug i Stavanger. Det står Askegården over inngangsdøra. Døra er låst, men eg opnar for dykk eit kvarter før kursstart. Om du kjem for seint, gi beskjed på 91876400, så henter me deg.
Bil:
Det er gratis parkering langs bygget i Erfjordgata 8.
(Om du ikkje får plass her, er det soneparkering utanfor. Sone 11 i Taugata og Erfjordgata i tidsrommet 8- 18 på kvardagar og 8- 16 laurdag. 2 timar gratis i Johannesgate på nedsida. Også parkeringsplass med betaling i Johannesgate på andre sida av bygget.)
Buss:
Nr 1 og 4 stoppar på busstoppet Kjelvene like ved.
Liten skrift:
Ved avmelding seinare enn ei veke før kurset, har du ikkje krav på refusjon. Dersom kurset må avlysast på grunn av sjukdom hjå kurshaldar eller annan uforutsett hending på arrangørs side, vil du få pengane attende.
Ships within 48 hours · Estimated delivery Jun 20 - Jun 25
US$40
Get nowSign up to your membership to get coupons up to
15%
Get nowOpportunity to enjoy order discount up to 15% off
Top-Converting Item to Boost Your Average Order